Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fiske og camping i Todalen

Fiske og camping i Todalen

Elinor Bolme Tysdag 9. juli 2013

Campingsesongen er over oss for fullt, men belegget på Todalen Camping ved Bordholmen har nok ikkje nådd toppen enno. Terje Nordvik på Matkroken fortel om grei nok trafikk av turistar, men ikkje noko rekordår. No er det tildels for vått til å campe på graset på øversida av klubbhuset, så fleire har måtta stått på asfalten (på tennisbana). Derimot har det vore bra med både trafikk av fiskarar og salg av fiskekort så langt i sesongen, men desverre så har fisken i Toåa så langt glimta med sitt fråvær.

For den som er interessert i sjøfiske derimot er det heilt annleis. Her kan Terje fortelje om bra fangst den siste veka, både av storsei, aure og makrell. Mesteparten av fangsten han han har kontroll på er teke rundt Rakeneset og Vorpneset.

Under er litt generell info om camping og fiske i Todalen sesongen 2013.

Todalsfiske_2012

Prisliste_2013_alle

Camping i Todalen

Publisert: 9. juli 2013, 19:05