Nordvik Grendalag inviterte sine sambygdinger på fiskballmiddag sist søndag, og det vart fullklaff med eit 70-tal til bords i Forsamlingshuset på Nordvik denne dagen. Serveringa starta kl. 15, og alt etter eit kvarters tid var det få plassar ledig rundt borda, der det til og med var dekt på langbord på scena.
Det var til tider fullt rundt borda, og vi tykkjer det er spesielt artig at det var så mange unge nordvikgardingar som møtte opp, og jammen såg det ut som fiskballen gikk ned på høgkant også hos den yngre garde. Ved eit av borda var det sågar 3 generasjonar som var samla om fiskballmenyen.
Vi kan vel konkludere med at dette er eit populært tiltak, for praten gikk lett rundt borda og det så ut som folk trivdes i kvarandre sitt selskap. Dei fleste middagsgjestane høyrde nok heime på Nordvik, men det var også gjester både frå Todalen og frå Surnadal – kanskje også andre plassar rundt borda.