Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fire pils og en pizza

Jon Olav Ørsal Måndag 27. mai 2024

For Knut er det viktigast å få til god stemning.  I helga har han vore pizzakokk på Hageland  – både laurdag og søndag har han baka pizza og delt ut folk både på veg inn og ut frå Hageland i Surnadal.  Og Knut han fekk skryt for sine gode og nysteikte pizza, som kom rett frå  sin vedfyrte steinomn.

Den gamle peisen i resepsjonen på Sandstad fekk eit nytt liv som pizzaomn. Foto Knut Bergli

Det gjer noko med smaken når du lagar mat i steinomnar som er vedfyrte – akkurat no er det 400 grader innerst i omnen måler knut – dermed er det klar til å sette inn den første pizzaen. Men det starta eigentleg for mange år sia, da Knut og Laila hadde flytta heim til Todalen frå Oslo.  På Sandstad, der det tidlegare har vore drive pensjonat, var der det ein peis i rommet der resepsjonen hadde vore. Knut starta med å sjekke om peisen kunne byggast om til pizzaomn på ein enkel måte?  Det kunne den faktisk og Knut fekk hjelp frå Levanger til å gjera det.

Versågod – her er det ein smaksprøve. Foto Jon Olav Ørsal

Det funka bra, og dermed har det balla på seg, seier Knut. Og knut har eksperimentert med ingrediensar både til deig og fyll oppå og har funne ut at nærast alt muleg kan brukast – det blir smak og behag kva som er best. Viktigare enn smaken er faktisk stemninga rundt pizzabaksten seier Knut – når vi lager pizza må vi ha god tid og vi må bestandig vente på maten.  Rundt kjøkkenbordet på Sandstad har det vore gjestar både frå California, Barcelona, Sydney  – det er alltid trivelegast når det er uformelt og enkelt.

Knut var usikker på om pizzabakinga påverka salet av sommarblomster. Foto Jon Olav Ørsal

Etter kvart har det vorte pizza-baking i mange samanhengar – både på jobben og på aktivitetar.  Denne gongen var det Byggmakker og Hageland sine våraktivitetar som fekk besøk.  Og kundane tykte det var stas når dei vart invitert på pizza og kunne ta ein pause i finvêret.  Om det førte til at kundane handla meir eller mindre med pizzaservering, det var Knut usikker på – men dei tykte iallfall at det var koseleg med eit avbrekk

Sofia og Ruth Sofie tykte det smalte godt – foto Jon Olav Ørsal

Smaksprøvene fra steinomnen gjekk unna etter kvart – foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. mai 2024, 17:06