Norge stillte med 7 deltakarar i randonee-WC som skjer på heimebane i Tromsø i helga. I dag var det sprint på programmet, og det var knytt stor spenning til resultatet av prologen der løparane skulle kvalifisere seg for å gå vidare i programmet. 4 av løparane gikk vidare til kvartfinalen, medan 3 gjekk ut.
Sander Engdal, Mads Kirkreit Gjethammer og Gjermund Eide Bratsberg kom ikkje vidare til kvartfinalen. Dei 4 som gjekk vidare til kvartfinalen var Ida Waldal i dameklassen. Ho hamna på 4.-plass i heat 3 på tida3:33,4 (+10,1). I herreklassen kom Erik Kårvatn på 6.-plass i heat 1 på tida 3:09,5 (+23,1), Hans-Inge Klette kom på 4.-plass i 4. heat og Trym Dalset Lødøen på 4.-plass i 5. heat. Dermed var heile gjengen slått ut og ingen av dei norske deltakarane gjekk vidare til semifinalen.
Heilt til topps i damefinalen kom franske Emily Harrop, medan andreplassen gjekk til Sveits og 3.-plassen til frankrike. I klassen senior menn vart det seier til Thomas Bussard fra Sveits, med sveitsisk 2.-plass og belgisk 3.plass. Søndag avsluttes arrangementet i Tromsø med konkurranse i individuell.
Trollheimen fjellsportklubb er medlem i Todalen.no