Måndag 8. april kom med retteleg finver og sol, om enn litt skarp og kald luft, og det vart ein kjempefin Kløvertur utover etter Haltbakkvegen på Nordvik.
Godt og kjekt å endeleg kunne gå Kløvertur i sol frå klår himmel, på berr veg og utan snø på vegkanten – det har vore mange styggversturar så langt denne sesongen. I dag viste Nordvik seg frå si beste side med stille fjord, snøkledde fjell og hestehov langs vegen – vakkert!
Turgåarane starta frå Sjøleet og gjekk uti Haltbakkan før dei snudde innatt og tok kaffepause i gapahuken hans Magnar. Fin plass og godt å raste der. Godt både med mat, drikke og pratestund! Dordi spanderte gode sveler på alle – det sette ein spiss på kaffepausen.
No tek Kløverturen påskeferie, neste gong blir ikkje før 29. april. Men YR lovar kjøle fint ver framover så det er berre å ta ein tur kvar dag!
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/04/IMG_5808-900x1200.jpg)
Jacqueline stilte på tur i dag, ho vart imponert over dette spesielle treet, og jammen var ho så sterk at ho kom seg opp! Foto: Dordi J H