Surnadal pensjonistlag starta ny sesong med ein finvêrstur til Rindal og stavgang rundt Igltjønna. Første stavgangturen samla heile 37 deltakarar, som sette kvarandre i stemne i det flotte og velordna friluftsområdet.
Stavgangturen gikk etter turstien som går rundt Igltjønna og etterpå var det samling og ein lang kaffepause, før turen gikk heimover igjen.
Nedafor har vi lagt ut nokre bildeglimt frå Igltjønna og området rundt. Alle foto: Sigrun Ørsal