Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fintenkjing mellom to permar

Jon Olav Ørsal Sundag 5. november 2023

Da Lars Steinar Ansnes, kvennbøgarding som no er busett i Bud, i 2015 bestemte seg for å starte ein blogg, ga han denne namnet «Fintenkjarplassen». No er han aktuell med boka «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen». Boka er ei samling tekster frå bloggen.

Desse innheld betraktningar rundt alt frå små kvardagslege hendingar til hytteliv, forfattaren sin fascinasjon for sport og musikk, reiser, livet som buaværing og aktuelle samfunnsspørsmål.
Ein del av tekstene har gått direkte frå blogg til bok, medan andre i varierande grad er endra i høve til den opprinnelege nettversjonen. Boka er rikt illustrert med forfattaren sine eigne bilde.

– Kva er bakgrunnen for namnet Fintenkjarplassen?
– Frå hytta vår på Kvennbøtæla er det berre ein kort marsj opp til toppen Middagshaugen, som byr på framifrå utsikt. Framfor varden på Middagshaugen ligg eit fint, flatt berg. Her har eg opp gjennom åra sete eit utal av timar med kikkert og kaffekopp. Ein gong eg var der, kom eg på at dette utsiktspunktet måtte få namnet Fintenkjarplassen. Da bloggen seinare såg dagens lys, kom namnet så å seie av seg sjølv, fortel Ansnes, som legg til at mange på Eidet faktisk har begynt å seie Fintenkjarplassen i staden for Middagshaugen i dagleg tale.

– Eg veit ikkje kva namnekonsulentane meiner om dette. Dei er jo ofte veldig strenge, seier han.

– Kvifor starta du starta bloggen?
– Bloggen vart til fordi eg trong ein ventil for ytringar som ikkje passa inn i ramma for leiarartiklane og kommentarane eg til dagleg skreiv i avisa. Eg har jobba 43 år media, av desse 38 år som redaktør. Rolla som redaktør medførte mykje administrativt arbeid. Tida til å skrive vart derfor begrensa.

Ansnes vart pensjonist i 2020, etter å ha vore redaktør i Aura Avis på Sunndalsøra dei 24 siste åra av yrkeskarrieren.

– Som pensjonist skriv eg meir enn nokon gong før, seier han.
Akkurat no går dagane med til å promotere den nye boka. 8. november startar løpet med bokpub på Tingvoll. Deretter kjem bokkveldar på Surnadal bibliotek 16. november og på biblioteket i Sunndal fire dagar seinare. I byrjinga av desember blir det ein førjulskveld i Myrvang i regi av Stangvik historielag. Saman med ein del anna program, skal Ansnes her kåsere om boka, språkreisa si, hyttelivet på Tæla, tilværet som landkrabbe ved havet og ymse anna.

Omslaget på boka – Boka er til sals i bokhandelen i Surnadal eller direkte frå forfattaren som no bur i Bud.

«Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen» er å finne i bokhandelen i Alti Surnadal. Ein kan også ta direkte kontakt med forfattaren for å få tilsendt eit signert eksemplar.

Publisert: 5. november 2023, 10:04