Søndag 1. mai gjekk startskottet for årets Stikk UT!-sesong. Godt ver og mykje folk både i Toåa tursti og i Svinvikrunden. Kjekt med turopplegg som gjer at det er lett å finne fram om ein er ukjent, og som er tilrettelagt for parkering.
Toåa tursti
Toå tursti er ny Stikk UT!-tur av året. Folk som todalen.no møtte, syntest dette var ei fin turrute for folk i alle aldrar. Her er det fine rasteplassar og tursti som passar både for barnevogn og rullestol. I løpet av våren er nemleg stien ovanfor Gunnøya oppfylt og utbetra, så no kan ein gå tørrskodd her sjølv om Toåa er flaumstor. Vil ein ikkje gå etter hovudstien, kan ein delvis gå etter idyllisk gammelsti nærare elva.
Opningsdagen for Stikk UT!-sesongen var både Norunn Holten som er Stikk UT!-ansvarleg i kommunen, og Elinor Bolme som er leiar i idrettslaget, på plass for å sjå til at folk fann seg til rette og fann tavla med turkoden.
I løpet av dagen er det registrert 66 besøk her, og er det turmålet i kommunen med flest besøk på årets første Stikk UT!-dag.
Det er forresten berre fem av turmåla i Surnadal som er opna for registrering 1. mai. Dei andre sju turmåla blir opna etter kvart som det blir bart.
Svinvikrunden
Svinvikrunden er eit god kjent og svært mykje brukt turmål som har vore med i Stikk Ut!-opplegget sidan 2014. Svinvikrunden er eit populært turmål heile året; idyllisk sti, fin utsikt og motbakkar slik at ein kan bli litt andpusten. Mange «stakk ut» her også denne første maidagen.
I Svinvikrunden møtest vegar frå tre århundre; Gammelvegen, «ny-Gammelvegen» og nyvegen med tunnel frå 2001, altså mykje spennande veghistorie.
I løpet av dagen er det registrert 63 besøk her.
Fleire bilete frå Stikk UT!: