Det ligg fint tilrette for dei som har tenkt seg til å ta del i Trollheimsmarsjen søndag. I fjellet meldes det om bra temperatur og litt sør- eller søraustleg vind (2-4 m/sek). Ta med deg klær og mat og godt fotty, og nyt turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid.
Fakta om Trollheimsmarsjen:
Distanse: 13 km i variert terrreng Tidsbruk: ca 5 timar i vanleg turisttempo (pausar i tillegg) Turens høgaste punkt ligg på ca 850 m.o.h. ved Vardan
Praktiske ting om Trollheimsmarsjen:
Start frå Bordholmen stadion mellom kl 8.30 og 11.00 – målgang på Leikvoll innan kl 17.00
Busstransport frå Leikvoll til Bordholmen før start og etter målgang:
Bussavganger før start kl 7.45 – 8.45 og 9.45 Bussavgangar etter målgang kl 15.15 – 16.15 og 17.15
Det blir høve til dusjing på Leikvoll stadion etter marsjen. Deltakaravgift kr 100 for vaksne og kr 50 for born (under 16 år) Born kan delta i følge med vaksne Salg av middag på Leikvoll Påmelding ved start på bordholmen, der du får startkort
Her kan du laste ned plakaten for Trollheimsmarsjen 2014, og her kan du laste ned vêrmeldinga.