Det har vore mange besøk i Gammelvegen i helga – laurdag 1. mai opna Stikk UT -sesongen med massevis av turforslag rundt omkring i hele fylket. Men det her må vi berre seie ifrå, seier Bjørn Halle som er kårkaill i Nestua på Hjellnes og peikar på hundskitposen som ligg på vegkanten i traseen for Svinvikrunden.
Bjørn har eit klart signal til hundeeigarane om å ta med både hundskitposen og anna søppel heim og putte det i søppeldunken. Det bør vi gjera både for eigen og andres trivsel når vi er ute på tur.
Bjørn har også registrert at det er spor etter bålplass ved kvilebenken på toppen, og minner om at det er totalforbud mot bålbrenning no. Her vises det faktisk at restane av bålet er sparka utom kanten og ligg i bratta nedafor.