Jon Bruset tok turen til Talgø-Storhaugen og Tristeinan i dag, og rapporterer om kjempefint føre med pudder/silkeføre når du kjem til fjells. Det er køyrt opp spor frå Innerdalsmerket til Tristeinan og utover til skihytta på Ørsalfjellet. I dag var det strålane vêr, men litt skarp luft – men skiføret var av ypperste klasse.
Men det var liten utfart i dag til tross fin fine forhold, men nokre få hadde lagt turen oppover Midtryggen i retning Bjøråskaret. Jon har sendt oss ein bildeserie frå turen til Tristeinan og rundt Talgø-Storhaugen
Bildeglimt frå turen til Tristeinan og Talgø-Storhaugen. Alle foto: Jon Bruset