I helga var det direkte påskestemning og mange var ute i fjellet for å nyte dei gode finversdagane vi vart til del. Vi såg mange bilder på facebook i løpet av lørdag og søndag, og har med tillatlse lov til å vise nokre frå fleire «ekspedisjonar» som var i retning Bjøråskaret desse dagane.
Føret frå Innerdalsmerket er tidvis hardt, men det er såpass med snø enda, at ein slepp å bere ski. Opp til Teljesetra var det knallhard skare/isføre, men i kneika opp mot Tristeinan vart det litt lausare og betre å forsere, både opp og ned.
Under er nokre bilder fra ei fin «påskestemningshelg» i retning Bjøråskaret frå ulike fotografar.

Tristeinan i sikte. Tre spreke karar gjer seg klar for midtryggen av Skjerdingfjellet der framme.
Foto: ElinorB
Ein delegasjon beståande av Kristian Mossing, Jo Gjeldnes og Emil Bråten plasserte ein postkasse på Snøfjell på laurdagen. Dei forserte klatreruta som går opp Sørøst-eggen fra Bjøråskaret og endte turen på eit av dei flotteste utsiktspunkta i Trollheimen. Og det resulterte naturleg vis i fine bileter i kveldinga.
For dei som vurderer å få skrive namnet sitt i boka er letteste adkomst via Innerdalsvegen, rett opp fra høgda og sikte seg inn på flanken som bryter inn fra Snekkardalen. Her er det er bratt, så stegjern er lurt å ha med.

FInt å nyte utsikta til Innerdalen på Bjøråskaret med ein kaffekopp og stor sjokoladebit….Definitivt ein tur å anbefale om veret held seg framover!