Presis kl 09.30 svinga biltoget ut på vegen frå Matkroken, og sette kursen mot Brusetmarka og Gammelfabrikken. I spissen for toget var einaste traktoren som deltok, og det har etter kvart vorte tradisjon med traktor i spissen og russen som følgjer på. Tilsaman var det 54 kjørty som deltok i biltoget, som har tradisjonar attende til 50-talet da det etter kvart begynte å kome nokre bilar igjen etter krigen.
Bileigarane hadde i år vorte oppfordra av 17. maikomiteen til å pynte bilane, og det var utlyst konkurranse om finaste traktor og finaste bil. I traktorklassen var det berre ein deltakar, men i bilklassen var det mange som hadde lagt arbeid i pyntinga og her var det reell konkurranse. Heilt til topp gikk Ken Marius Pedersen, med sin 197o-modell WV 1302S veteranbil.
Biltoget gikk altså oppover bygda på nordsida og over Brusetbrua og vidare til Gammelfabrikken der det var lagt inn ein kort pause. På returen gikk turen på sørsida og over Halsabrua og til Bordholmen, der det var dekt til frokost for heile bygda. Ny i toget i år var nok mjølkebilen til Tine som hamna midt borti biltoget, og som hengte seg på med lånt flagg eit stykke oppover bygda.
Vi kjem med meir stoff frå frokostarrangementet, folketoget og feiringa av grunnlovsjubileet lenger utpå dagen.
Nedafor har vi lagt ut bildeglimt frå biltoget på turen rundt bygda i formiddagstimane. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal