Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
«Finnguten» trekte fullt hus

«Finnguten» trekte fullt hus

Jon Olav Ørsal Sundag 22. januar 2012

Mellom 90 og 90 skodelystne var på plass i Ungdomshuset da Maren Ansnes kunne ønske velkomen til ettermiddagskaffe og visning av filmen ”Finnguten”. Det var produsenten sjølv, Eistein Bæverfjord som stod for visninga, og etter responsen frå publikum å døme lika dei det dei såg. Filmen var ein historisk dokumentasjon om den over hundre år gamle historia om sørsamane i fjella mellom Hemne og Rindal, og om den sjuke finnguten. Den har tidlegare gått for fulle hus både i Rindal, Betna og ikkje minst i Bæverhallen, der det var premiere på filmen.

Filmen vart resultatet av ein fjelltur som Eistein Bæverfjord hadde i dette fjellområdet, saman med dei to ”filmstjernene” Odd Trodal og Tor Holten ein finvêrsdag.  Dette resulterte i mange fine opptak, med mykje god historie og krydra med både lyrikk og visesong av bl.a. Jørgen Gravvold der mellom andre todalingen May Elisabeth Holten er med.

I tillegg var det song med Todalskoret og etter filmen orienterte Tor Holten om det som han hadde klart å finne av informasjon om sørsamane og livet deira i fjellområda her. Historia fortel oss at sørsamane har hatt tilhald i Sør-Noreg i gamal tid, medan det noe er berre eit 1000-tal att i grenseområda frå Snåsa til Femundtraktene.

Ein trekspillduett vart det også tid til. Eistein Bæverfjord og Jon Husby spela ”Kveld i Trollheimen” og ”Fiolen min”, og Jon fikk bevis for at han er eit ekte naturtalent på trekkspel saman med norgesmester Eistein.

Her finn du bildeglimt fra ettermiddagsstunda i Todalen ungdomshus.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 22. januar 2012, 22:00 - Sist oppdatert: 23. januar 2012, 01:30