Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Finn Talgø fikk Kongens sølv

Finn Talgø fikk Kongens sølv

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2009

Under ein høgtidleg festmiddag på Surnadal kulturhus fikk Finn Talgø overrekt Kongens fortjenestemedalje i sølv. Det var ordførar Mons Otnes som stod for overrekkinga. Finn Talgø fikk utmerkelsen for sitt store engasjement både som næringsutviklar og industrigründer, lokalpatriot, kulturaktør, pådriver i samferdselsspørsmål og ikke minst som hedersperson som sett meneskeverdet i sentrum. Finn Talgø var 70 år i sommar, og har vore ledar for Talgøkonsernet frå han tok over i tjueårsalderen og fram til neste generasjon tok over siste året. Finn Talgø er framleis aktiv og i takketalen fikk vi nok som venta eit signal om at vi nok kjem til å få høre meir frå han. Her kan Todalsparken vere eit stikkord for ei sak som han brenn sterkt for. Det kom sjølvsagt omtale på nettsidene både til Driva og Tidens Krav.
Vi i Todalen.no stiller oss i rekken av gratulanter og ønsker lykke til med ein velfortjent hederspris.

Først publisert: 27. november 2009, 21:48 - Sist oppdatert: 29. november 2009, 03:36