Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finjusterte telefonlinja oppover bygda

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juni 2020

Dei to karane frå Eltel trefte vi på Kårvatn i dag – oppdraget var å finjustere den trådlause telefonlinja som går oppover bygda – starter på Hjellnes og går via Talgøsetra/Reiret til Kårvatn. denne linja sørger for signal til mobiltelefonane som brukar Telia-signal – både telefon og breiband. 

Det var Frank Bruaset og Frode Malones som utførte denne trimminga som både sørga for nøyaktig justering av signala og siktelinja var fri for buskas som kan hemme signala i å koma frm mellom punkta. Jobben deiara er både å bygge nye linjer og å halde vedllike/feilrette andre samband.  Dei har sin base hos ElTel Networks i Molde og har heile møre og Romsdal som arbeidsområde. 

Der oppe står sendar/mottakar – og den må ha fri sikt frå punkt til punkt, sier Frank Bruaset

Før dei kom til Kårvatn hadde dei sjekka punkta på Hjellnes og på Talgøsetra. På Kårvatn måtte dei kappe toppen av eit tre for å sikre god forbindelse og god kvalitet på signala som skal formidle både data og taletrafikk i sitt trådlause nett. 

Nora frista lamaen og lammet med bjørkakvistane som vart til overs, men fikk ikkje særleg respons. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. juni 2020, 15:45