Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine turforhold i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. januar 2022

Leiar i Trimgruppa i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme, melder driftsstyre vinteranlegg i idrettslaget har køyrt opp løyper både for ski og fotturar i Toåa tursti. Det er også køyrt opp skiløyper på Kvennset og oppover bygda, og ho melder om skikkeleg fine forhold for å komme seg ut på tur i løpet av helga. 

Fine forhold i Toåa tursti. Foto: Elinor Bolme

Toåa tursti er eit av turmåla i Stikk UT!-vinter, og lysløypa på Tjønnmyra er eit av turmåla i Stikk UT!-ski. For å registrere seg i Stikk UT!, går du inn på stikkut.no

Det er oppkøyrt løyper på Kvennset og oppover bygda. Foto: Elinor Bolme

Da er det berre å finne fram høveleg turutstyr og ta seg ein trimtur i finvêret. 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. januar 2022, 12:23