TILs skutergruppe melder om oppkøyrte skuterspor på alle frontar. Det er i dag tidleg køyrt opp spor både frå Innerdalsmerket og frå Øyalia, og til Talgøsetra, Tristeinan og til Skihytta.
Det er godt føre og fine forhold, melder Gunnar Nordvik i skuterkomiteen. Vêrmeldinga er også bra – og med sør-austleg vindretning er det vel nærast garantert nedbørsfritt. På yr.no kan du sjå vêrmeldinga for området