Siste søndagen i januar vart ein fin vinterdag med riktig så flotte forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Det var nyoppkjørte, fine dårer og godt skiføre. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte barn i løypa, og mange tok turen for å kosa seg med ski og akebrett. Arrangøren noterte deltakarar og serverte saft. Og deltakarane var blide og fornøgde.
Det var ikkje berre spreke ungar som kosa seg med snøen, her var det folk i alle aldrar, frå 2 til 80 år. Det vart både trim og triveleg prat.
Anlegget på Tjønnmyra er flott, det ligg i fint til i terrenget med fin løypetrase. Ikkje minst så er det nypreparerte dårer til ei kvar tid når det er snø. Her har idrettslaget eit skikkeleg flott tilbod for bygdafolket!

Både unge og dei litt eldre syntest at det var kjekt med skiføre. Frå venstre: Selma, Siri, Anders, Trygve og Åshild. Foto: Dordi J.H.