Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er fin skeiseis og gode forhold igjen på Bordholmen. – Skeiseisen er nypreparert og forholda er veldig fine, kan Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa fortelje.
Som vi tidlegare skreiv i dag, så er det fine forhold for å gå på ski nede i bygda, så da har ein fleire alternativ for å kome seg ut for å trimme litt dei neste dagane.