Fersk førerapport frå Skihytta og Tristeinan: Kjempefint føre med 10 cm nysnø og 2 kuldegrader! Det er i dag køyrt på spor frå Innerdalsmerket, via Talgøsetra og Tristeinan, vidare til Snekkardalshalsen og til Skihytta på Ørsalfjellet. Vidare er det køyrt på spor frå Øyalia og til Skihytta. Den tradisjonelle Kjerringdilten er imidlertid avlyst på grunn av situasjonen, med restriksjonar for Koronaviruset.