På flat mark er det nok rundt 50 cm tele no, og det er nok perfekte forhold for å drive med skogsdrift. Solli Skog er i full gang med skogsdrift for Talgø Gard, der Anita Talgø er grunneigar.
Her skal det no i vinter hoggast godt og vel 2.000 m3 – både gran og furu, og dei starta med eit hogstfelt på nordsida, der det var mest gran. Her står det att mykje utkjøring enno, men det blir nok etterkvart. No har dei flytta over på sørsida, og er i full gang i Huslia, der det skal hoggast både gran og furu.
Vi stoppa og tok nokre bilder i forbifarten i dag, og da var det lastbæraren som var i gang med å kjøre ned tømmer frå Huslia. Dette vart lagt på ein lunningsplass på ekra mellom Talgø Gard og Vestrum.