Todalen Idrettslag har preparert løyper med skispor i Toåa tursti, rundt om på Kvennset og oppover Smålandsgrenda. Rapportane seier at det er kjempefine forhold for å gå på ski, så da er det inga unnskyldning for å ikke ta seg ein skitur!
Åshild Halle, er ei av dei som har nytta høvet til å ta seg ein skitur i dei preparerte løypene, og ho rettar ein stor takk til idrettslaget for å ha preparert så fine skiløyper!