I dag er det siste trekning for TILs julekalender for 2024 – dermed er det finale for ein stor suksess som har gått over 24 dagar i regi av Todalen Idrettslas trimgruppe. Tilsaman har det vore selt julekalendrar for over 40.000, som gjev eit solid overskot til trimgruppas drift i 2025. T.I.L.’s julekalenderkomite rettar ein stor takk både til dei som har bidrege med nærare 100 kortreiste gevinstar og til dei som har kjøpt over 400 julekalendrar.
I dag er det altså siste dag med trekning, og det ligg 5 gevinstar på gevinstbordet. Første gevinst ut er ei kransekake som vart vunne av Torill Talgø på Trudvang.
Hanne Waag som bur på Nordvik vart den heldige vinnaren av eit gåvekort på kr 500 på Todalshytta.
Gevinst nr 3 i dagens trekning er fem sekker med tørr bjørkaved – heldige vinnarar er Kikki og Rune Moe i Sissigrenda.
Gevinst nr 4 i dagens trekning er ein pakke heimebaka flatbrød – vinnar vart Nytrøa (Anders Mo)
5. gevinsten i dag og siste gevinst i årets Julekalenderlotteri er eit maleri av Sissel Halset Storslett – vinnar vart Anders A. Karlsen i Pestua.
Dermed er vi komne til vegs ende med Julekalenderlotteriet – vi takkar for at du har hengt med heilt til «the bitter end» og alle gevinstane er fordelt. Dagens vinnarar vil bli kontakta i løpet av dagen for å avtale levering eller henting av gevinstar.