Det er mange år sia dei siste elektroniske signala vart sent gjennom fastnettet til det ein gong var Televerket. Framtida er trådløs, og i dag er det berre trådløse tenester som har overlevd. No er det på tide å demontere alle kablar og pålar som har vore i teneste på hundrevis av år. Denne veka starta Trondheimsfirmaet BN Entreprenør med demontering av kablar og telefonpåla. Det er Tor Edvin Vik og Stig Sandblåst som har fått denne jobben for BN Entreprenør.
Dei reknar med å bli værande i Todalen i eit par månader, etter som dei skal demontere 305 pålar og fleire mil med kabel frå Vorphaugen utafor Ansneset og oppover heile bygda til Kårvatn før dei er ferdige. Dei demonterer og dreg ut alle kablar, før dei tek opp pålane og samlar dei, før alt blir sendt til utlandet for destruering. Mange lurar på om dei kan kjøpe ein påle eller to, men det er strengt forbudt, og pålane er belagt med pant da dette er miljøavfall. Pålane er nemleg kreosotimpregnert og skal altså destruerast.
Vik og Sandblåst opplever at dei er velkomne når dei kjem for å demontere de ubrukte telenettet – folk er glade for at både kalane og pålane blir fjerna. Men der det er felles pålar for telekablar og strømkablar eller fiberkablar, så demonterer og fjernar vi berre telekablane og let resten være.