Siste måndagen i august gjekk kløverturen frå Gammelfabrikken opp Gammelfalla til Tjønnmyrane; ein fin tur med gode motbakkar.
Etter å ha gått lysløypa til endes, enda turfølget i gapahuken der det vart pause med triveleg prat og nistemat.
Yr spådde både regn og vind, men det slo ikkje til. Dei første regndråpane nådde turfølget først da dei var tilbake ved bilane. Godt folk har godt ver; – slik var det i alle fall dag.
Til sist vart det ny kaffepause i Kaffekroken på Bua. Ny kløvertur om ei veke. Da er det plana å legge turen til Kavlvegen. Blir du med?