Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin turdag!

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. oktober 2018

Etter ei helg med regn og ruskver var det både opphaldsver og litt sol da kløverturgjengen la ut på tur første dagen i oktober. Med minstemann, Ingrid, i barnevogna til bestemor var det 15 personar som starta oppover skogsvegen frå Bruset.

God trimveg! Foto: Dordi J H

Her er det riktig fint å gå, høveleg bratte bakkar og godt underlag. Tempoet er akkurat passe til å både å gå og prate – båe delar like viktig! Turen gjekk til enden av skogsbilvegen, og på tur ned att vart det pause ved bordet på Kleiva der det er fin utsikt nedover bygda.

Haustfargane gjer det ekstra fint å vera ute no.

Neste måndag blir det tur utover Haltbakkvegen.

Frå venstre: Jorunn, Kari, Sigrun, Helga, Arndis, Karen Johanne, Synnøve, Helen, Jorunn, Synnøve, Dordi og Dordi Jorunn. Bak kamera: Jon B

Utsikt få Kleiva. Foto: Dordi J H

Fine dagar! Foto: Dordi JH

 

 

Publisert: 1. oktober 2018, 22:35