Etter dagar med regn og skodde kom måndagen med godt ver; ein riktig fin dag for å starte opp med ny kløvertursesong. Det er ferietid enno, men 8 turdeltakarar vart med på turen til Svabu.
Dette er ein tur som passar for dei fleste da ein kan går etter tørr og fin skogsveg i slakt terreng. Nokre motbakkar er det, men berre passe bratte. Triveleg med kaffepause i hytteveggen; – godt å møtast og kjekt få ein god og triveleg prat.
Måndag om ei veke, 23. august, er det ny kløvertur. Er veret godt, blir det da tur i området rundt Kårvatn. Kløvertur er eit lågterskeltilbod der alle er velkomne til å bli med ut på tur.