Onsdag kveld møttest ivrige turgåarar ved Hals, veret var godt, men sola heldt seg bak skyene. Vi fylte opp bilane og kjørte til Nordvik. Uti Rabbå tok vi opp skogsvegen og samlast på lunningsplassen, 16 personar i alt.
«Kjentmenn» på turen var to spreke damer, Ingrid og Jorunn Nordvik. Turen gjekk først etter skogsveg, deretter god og tydeleg stiga, innimellom litt bratte parti.
Svært fin utsikt det meste av turen, først mot Nordvik, Drøppingstranda og innover mot Todalsfjorden. Oppe på toppen såg vi utover Stangvikfjorden, Neslandet, Ålvundfjorden,Kvanne, Strengen, Lykkjebygda og Lykkjeeidet. Åsbøsnyta er 619 moh. Dette er ein riktig fin tur som passar både til roleg trim og til trening.
Spesielt i fjellet i år er dei store mengdene av kvit og fin myrull – dei lyser opp!
Dette var siste fellessturen i regi av trimgruppa før sommarferien. Men når det lir ut i august, kan det bli nye turar, det er berre å følgje med på Todalen.no.
I alle fall har vårturane vore trivelege og fine, det er kjekt å gå på tur i lag!