Riktig mange fornøgde turdeltakar var med på stavgangturen langs Åsskardfjorden første torsdagen i juni.
Det var sol og varmt ver, så da var det godt at det meste av vegen var på skuggesida. Etter ein drøy time var alle tilbake ved bilane, og gradstokken viste godt over 20 grader. Da var det godt å finne fram kaffe og mat, plassere seg i skuggen og slå av ein prat.
Takk for ein triveleg tur!
Takk til Wenche Kvendset for tekst og bilete.
Fleire bilete frå turen langs Åsskardfjorden: