Måndag 16. november starta med trugande skyer i nordvest, men regnet heldt seg heldigvis utanfor Kammen og Kløverturgjengen fekk ein retteleg fin turdag.
Dagens tur gjekk etter god skogsveg innover Talgøhaugane – fint turterreng, og ukjend område for fleire av turdeltakarane. Vel framme på Svabu vart det lang kaffepause med god prat.

Turgjengen. Frå venstre: Arndis, Helen, Jorunn H, Jean, Jon, Dordi, Torgunn, Ingrid, Ester Karin, Marit, Sigrun , Karen Johanne. Foto: Dordi J H
Siste Kløverturen hausten 2020
Måndag 23. november blir siste turdagen denne hausten. Da er turmålet Tjønnmyran, og plana er å fyre på peisen med samling rundt langbordet. Kvar enkelt må ha med seg turgodt.
Start som vanleg frå Halsbua.