Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin tur for Fjellgruppa til Tifjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Det vart ein fin tur i skikkeleg godt sommarvêr med høgt terreng da Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal tysdag tok turen til Rindal og Tifjellet. 

Sør-østover mot Snausen. Foto: Mary E. Røen

Tretti pensjonistar starta frå parkeringsplassen ved enden av Stakkengvegen som tek av frå fylkesveg 65 ved Grøset.

 

Høst i fjellet. Foto: Lars G. Røen

– Fin og tørr sti innover terrenget som åpna seg opp i alle retningar etter kvart som vi kom opp i høgda. Frå Steinkjerkvatnet vart det litt brattare opp mot toppen, kan Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa fortelje. 

Mot nord. Foto: Mary E. Røen

– Takk til kjentmann og guide Odd Inge som fortalte og orienterte om kva vi såg!, avsluttar han. 

Publisert: 2. september 2025, 19:50