Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin og interessant trimtur

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. februar 2017

Siste Kløverturen i februar gjekk i retteleg fint og godt ver, sol og mestå vårstemning ute i Stranda. Som vanleg var det start frå Matkroken. Deretter gjekk turen utover Todalsvegen; over Rossåbrua og  langs fjorden utover til raset. På heimturen vart det lagt inn ein fin omveg nedom Sissigrenda.

Frå venstre: Kari, Lovise, Dordi, Jorunn, Ingunn, Helen, Arndis, Dordi Jorunn, Åse, Synnøve , Eli, Sigrun. Foto: Dordi J H med hjelp av Anders Talgø

Turleiaren, Jorunn Ørsal, hadde ordna med interessant omvising i Råssåfoss kraftverk. Anders Talgø stilte som guide, og han kunne fortelje at når kraftverket går for fullt, kan det produsere strøm til godt og vel 1000 husstandar!  Kraftverket vart opna i 2010, og strømmen blir ført inn på fellesnettet til Svorka og andre strømprodusentar. Det er eigarane sjølve som passar kraftverket, 7 dagar om gongen kvar femte veke. Kraftverket er sjølvsagt «datastyrt», men av og til må vaktmannskap rykke ut heilt opp til dammen langt oppe i Rossåa.

Anders Talgø orienterer om Råssåfoss kraftverk. Foto: Dordi J H

Inne i «maskinrommet» – her er det både turbin og generator. Foto: Dordi J H

Det er riktig kjekt å gå tur i lag, og tempoet er slik at det blir både god prat, trim og frisk luft. Neste veke er plana å legge turen etter skogsvegen i Øyalia. Alle, både kvinner og menn, er velkomne til å bli med ut på tur!

Fin «omveg» nedom Sissigrenda. Foto: Dordi J H

Vi snudde ved raset. Her var det stor dramatikk 30. juli 2013. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

Publisert: 27. februar 2017, 22:52