Etter ein lang periode med surt og kaldt ver vart det endeleg varme og godver igjen; kjekt for Kløverturgjengen som første måndagen i juni tok turen til Kårvatn. Her var målet å gå frå «Fjellgarden i Trollheimen» og innover til hyttefeltet og Sagstuå.
Dette er ein riktig så god trase for Rusletur, fint og flatt; men terrenget rundt – med fjell, foss, elv, knallgrøn skog, gamle bygningar og dyr på beite – er berre så vakkert og flott! Kjøle triveleg å gå tur her!
Alle kom vel fram til Sagstuå, der venta Helga på turfølgjet. Ho hadde dekt opp til alle på verandaen og serverte nydelege, heimebaka bollar og kanelsnurrar! Kaffien var koka på kjele og smaka ekstra godt. Det vart ei kjøle triveleg og god stund rundt kaffibordet.
Folk rusla rundt både inne og ute og tykte det var stor stas å få kome til ein slik fin plass; ein ny plass for mange i turfølgjet.
Dette vart ein fin dag med gode opplevingar for alle som var med på Kløverturen! Slike dagar gjer så godt!
Så: Tusen takk til Helga!
Neste måndag, 10.juni, er det ikkje Kløvertur da det er pinsehelg. Men det blir både Kløvertur og ny Rusletur før det blir sommarferie.
Her er fleire bilete frå KøverRUSLEturen: