Det vart ei fin markering av Verdas aktivitetsdag 2012 i Svinvika, med vêrgudane i godlage og rundt 60 vandrelysne som var møtt fram. Arrangementet var eit samarbeid mellom Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag, Surnadal demensforening og helselag og Norsk Vandrefestival, og det var sett opp 3 alternative turalternativ som ein kunne velgje mellom. Etterpå var det servering av kaffe og bakels under open himmel i Svinviks arboret, og der var det også underhaldningsinnslag med Monna Tandberg. Ho framførte «Det vakreste som er skrive om kjærleiken» til eit lydhørt publikum.
Les meir om Verdas aktivitetsdag i Trollheimsportens reportasje frå arrangementet og sjå bileta i galleriet nedanfor.
Alle foto i bildegalleriet: Vidar Sogge.