Todalen kyrkje var fylt til siste plass under konfirmasjonsgudstenesta på Kristi himmelfartsdag. Det fine vêret sette ein ekstra spiss på denne fine festdagen for dei 8 todalsungdomane som vart konfirmert i år. Det var sokneprest Bernt Venås som heldt gudstenesta, medan Ildri Sjøland Øyen var klokkar og Bernt Bøe var organist. Vi i Todalen.no gratulerer så mykje!
Årets konfirmanter er (i vilkårleg rekkjefølge): Andreas Brøndbo – Ola Talgø – Ola Haugen Ansnes – Jan Nordvik Bruset – Astrid Longva Kvendset – Oda Halle – Thatianny Olindina Pereira da Silva – Marte Talgø.
Nedafor finn du eit bildegalleri fra konfirmasjonsdagen i Todalen kyrkje. Alle foto: Jon Olav Ørsal