Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Måndag 10. februar 2025

Andre kløverturen i februar gjekk etter den eldste «Gammelvegen» inn til Todalen, altså vegen frå Sinvika og oppover bakkane til Kammen. Vegen vart bygd heilt sist på 1800-talet.

I motsetning til gardsevgar, skosvegar og turstiar inne i bygda er det isfritt, tørt og fint å vandre i Svinvikrunden. Joggeskoføre!

På Kammen. Foto: Marit Sansen Søyset.

Turen starta frå parkeringsplassen i Svinvika, vidare opp til Kammen der det er fin utsikt utover fjorden og til Svinvikgarden og Arboretet.

Frå Kammen gjekk turen vidare mot Snøyå, men her var det vegarbeid med oppsetting av ny bru og dermed vart turen kortare enn planlagt.

Når ein vandrar i Gammelvegen, så må ein undrast over at her vart det kjørt både med lastebil og buss. Rygging måtte til for å koma rundt svingane. 

Ny kløvertur måndag om ei veke.

På Kammen. Her er det teke mange bilete opp gjennom åra. Foto: Marit Sansen Søyset.

Med på tur: Helen, Jorunn, Kari, Arndis, Åse, Liv Jorunn, Jon, Helga, Marit. Foto: Dordi Jorunn Halle,

Svinvika og Strandavegen frå 1938. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

 

 

Publisert: 10. februar 2025, 22:00