Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin julegåve til Surnadal alpinsenter

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. desember 2021

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank møtte i kveld opp for å overrekke ei kjærkomen julegåve til Surnadal alpinsenter, på 15.000,- kroner, der pengane er øremerka til utstyr for skileik. Det var Nils Inge Aasgård, Heid Snekvik og Kathrine Mauset frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, som i kveld møtte opp i Sæterlia og overrekte driftssjef Odd Rune Hoem gåva frå Sparebankstiftelsen til Surnadal alpinsenter.     

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank vart opprettet i mai 2021, og er no nest største eigar av eigenkapitalbevis i SpareBank 1 Nordmøre med 1 409 099 eigenkapitalbevis, som utgjer 15,5% av eigarandelskapitalen i banken.

Gjennom 179 års drift bygde Surnadal Sparebank opp ein betydelig sum grunnfondskapital som tilhøyrer lokalsamfunnet. Når banken vart slått sammen med SpareBank 1 Nordvest vart deler av denne kapitalen lagt inn i stiftelsen som igjen vart eigar i den nye banken.

I Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank sine eigne formål heiter det: – Stiftelsen har fått tildelt denne kapitalen for å kunne oppfylle sine formål, som er:

  1. Forvalte kapitalen stiftelsen ble tilført ved opprettelsen og utøve et langsiktig og stabilt eierskap i SpareBank 1 Nordmøre
  2. Disponere overskudd og utdele utbyttemidler til allmennyttige formål
  3. Videreføre sparebanktradisjoner og sikre et godt lokalt forankret sparebanktilbud i Surnadal kommune

Som eier i banken vil stiftelsen bli tilført utbytte fra egenkapitalbevisene. Deler av dette utbyttet kan stiftelsen dele ut i gaver til glede for lokalbefolkningen i Surnadal.

Dette er bakgrunnen for at Surnadal alpinsenter no i kveld fekk 100.000,- kroner i gåve frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. 

Tidlegare har Surnadal videregåande skule og Surnadal barne- og ungdomsskule fått 100.000,- kroner kvar i prosjektgåver frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. 

I tillegg har Sparebankstiftelsen delt ut breddegåver til:

  • Surnadal Ixhockeyklubb til Innkjøp av skøyter til utlåmed kroner 20.000,-
  • Øvre surnadal skytterlag til kjøp av juniorgevær til bruk i rekrutteringsarbeidet med kroner 20.000,- 
  • Høgmoen Vel til oppbygging av leikeplassområde i byggefeltet med kroner 20.000,- 
Ved å trykke på lenka, kan du sjå kva avisa Driva skreiv om gåveutdelinga til Surnadal alpinsenter no i kveld: Kom med hyggelig julegave til alpinanlegget – driva.no – lokale nyheter, sport og kultur, krev abonnement.
 
 
 
Først publisert: 22. desember 2021, 21:23 - Sist oppdatert: 23. desember 2021, 00:04