Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin Innerdalstur «twenty years after»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. juli 2024

Todalsven og Nordvikgardingen Odd Arild har sendt oss ein liten turrapport. Han og svogeren Stein gjekk torsdag turen frå Innerdalsmerket via Bjøråskaret over til Innerdalen og ned til Nedalen.  

Frå Bjøråskarvatnet mot Bjøråskaret. Foto: Odd Arild Sande

Odd Arild fortel at dei bruka rundt åtte timar på turen frå Innderdalsmerket via Bjøråskaret til Innderdalen og Nedalen. 

Snøfjellet med Bjøråskarvatnet i framgrunnen. Foto: Odd Arild Sande

– Dette var «twenty years after» sia sist eg tok denne turen – storveies flott natur i eit perfekt turvêr, fortel Odd Arild.

6 – 7 rypungar dei trefte på turen. Foto: Odd Arild Sande

– 15 grader C og vindstille på Bjøråskaret og 21 grader C i Innerdalen da vi ned dit klokka 17:45 – der vi fekk servert eit glas øl, legg han til. 

Publisert: 27. juli 2024, 13:05