Siste måndagen i oktober vart ein riktig så fin verdag, om enn litt kald. Fjella er høge og sola står lågt, så det er ikkje så lett å finne turruter med sol. Men dagens tur på nordsida av Toåa på Talgøleigmålet vart kjøle fin om sola ikkje nådde ned til turgåarane. Det var overraskande lunt oppe i skogen.
Turen gjekk etter fin skogsveg i kupert terreng slik at det vart litt motbakke – det gjer godt! Triveleg kaffepause på Svabu – fint å finne ein plass å sette seg når nista skal nytast.
Neste måndag er det sesongavslutning for Kløverturane og Rusleturane. Da blir det oppmøte ved Sanitetshuset, og turar i nærmiljøet før det det blir kaffelag innomhus. Håpar dette passar for riktig mange – det har vore så mange fine turar i løpet av året at det er på sin plass med ei god feiring av sesongen.
Alle er velkomne!