Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin Fjellgruppatur til Klåberget

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. juni 2025

Første tysdagen i juni inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klåberget. – Værgudane viste seg frå si beste side slik meteorologane lovte da vi starta frå parkeringsplassen ved Røen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Første kvil på turen til Klåberget. Foto: Anne V. Einum

– Fin, men bratt skogsveg gikk over til fin sti litt nedafor Røsetra, fortel Lars Gudmund.

Gamle setertufter er fint å sjå. Foto: Anne V. Einum

– Temperaturen steig både i lufta og på dei 27 turgangarene opp siste biten til Klåberget, legg han til. 

God og lang matpause på Klåberget. Foto: Anne V. Einum

– Etter lunsjpause med panoramautsikt til fjord, fjell og dalar gikk vi utover til Vanghytta rast med forfriskning med kaldt og klårt kildevatn. Derifrå fulgte vi stien ned til Vang, Røvegen og bilane, avsluttar han. 

Kari Vang guidet oss godt. Her ved hytta hennar. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilder frå Fjellgruppa sin tur tysdag ser ein nedanfor:

Publisert: 4. juni 2025, 06:40