Onsdag var det tid for karneval på skulen. Siste økta før lunsj kom ansiktsmåling og utledingsklede fram, og det vart stor aktivitet framfor speglar, i garderobar og i krokar. Etter kvart dukka mange forskjellige skapningar fram: Prinsesser, fin-fine damer og herrar, cowboy, klovn, skrømt , tøffe typar, arbeidskarar, babyar, spiderman, katter, drakar osb. Men sjølv om mange såg skumle ut, var dei heldigvis fredelege.
Den vanlege lunsjen vart skifta ut med pølse med brød, seinare vart det frukt med vaniljesaus til dessert. I gymsalen var det polonese, forskjellige konkurransar og sjølvsagt kom «katta ut av sekken» – og det vart godteri til alle.
Alle såg ut til å synest at det var kjekt med karneval og variasjon i skulekvardagen.