Laurdag var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå Todalen og Stangvik i Todalen Ungdomshus. Desse hadde gått i same klasse på nyskulen på Evenshaugen, og ønskte difor eit felles arrangement der dei kunne minnast konfirmajonstida.
I Stangvik vart 15 ungdommar konfirmerte den 23.juni, og den 7. juli 1968 vart 11 konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest Karl Jacobsen.
Det vart ein hyggeleg kveld med god middag; svinegryte med potetstappe, kaffe og blautkake.
Samtalen gjekk lett rundt borda. I år har det vorte tilsett både ny prest, Kristin Strand og ny organist, Hedda Hansen Berg. Desse var med på markeringa, og songen gjekk lett med tonefølgje frå Hedda.
Quizen i år sette verkeleg kunnskapen om året 1968 på prøve, der det var intens diskusjon i gruppene.
Gudstenesta på søndag.
Søndag var det gudsteneste med hausttakkefest. 4H hadde pynta med haustens grøde. 50-årskonfirmantane var spesielt inviterte, og årets konfirmantar starta på si trusopplæring. Dei ønskte velkommen til gudstenesta, og delte ut bøker ved inngangen. Dei var og med og ringte med kyrkjeklokkene. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe.