I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til aktivitetsdag, og sjølv om vêrmeldingane ikkje var dei aller beste for, så vart vêret og oppmøtet på arrangementet ganske bra. Tretti ungar og ungdommar var med på lagseriestemnet, der det var lengde med og utan tilløp, kast av liten ball, sprang 60 meter og 400 meter.
Etter lagseriestemnet var det gratis pølser med brød til alle deltakarane.
Einar Grønnes og Jan Foss frå NAF Indre Nordmøre hadde rigga seg til med hinderløype for sykkel. Her var det mange som prøvde seg i løpet av aktivitetsdagen. Alle som var med fekk ein kjempefin bag/sekk med refleksvest, matboks, refleks og meir til, frå NAF.
Aktivitetsrommet i reiskapshuset vart offisielt opna i dag, og mange var innom for å sjå på rommet, og for å spele litt bordtennis. Trøbilane kom også etter kvart ut, og var eit populært innslag.
Det var også open kiosk på aktivitetsdagen, med sal av bakels med graut, kaffe, brus, sjokolade og is. I tillegg var det dagslotteri, med sytten fine gevinstar. Salet, både i kiosken og loddsalet, var bra.
– Gledeleg å sjå at såpass mange tok turen på aktivitetsdag, sjølv om vêret kunne ha vore betre, seier leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. Eg er kjempeglad for at mange frå Nordvik, Kvanne og Surnadal også tok turen og vart med oss på aktivitetsdagen, legg ho til.