-Seks ulike filmar på Surnadal kino i løpet av ei stor veke – og nokre hastar det å få med seg!
Mest hast er det å få med seg GREEN BOOK, i alle fall i denne omgang. Ein god «gamaldags» film om ein røff utkastar som får eit sjåføroppdrag for ein meir forfina mørkhuda pianist. Kurant nok, men ulempa er at turen skal gå gjennom sørstatane i USA, og vi er først på 1960-talet. «GREEN BOOK» er inspirert av ei sann historie og filmen er nominert til fem Oscars, m.a. til Viggo Mortensen (kanskje mest kjent som Aragon i «Ringenes Herre»). Vel verdt å få med seg – søndag 10.02 kl. 2030.
RIVE-ROLF KRASJER INTERNETTET non-stop gjennom heile helga; fredag til søndag. Disneys Rive-Rolf er ein rafsete kar, men det får våge seg når han og hans bråkmakar-venninne Vanilje von Sukkertopp må inn på internettet for å ordne opp.
ALITA: BATTLE ANGEL har premiere fredag 08.02 og filmen er eit samarbeid mellom Avatar-skapar James Cameron og Roberto Rodriguez. Alita er ein kyborg (halvt menneske, halvt robot) som gjer motstand mot dei onde styresmaktene, utan at ho heilt veit kven ho er og kor ho kjem frå. Snadder for dei som likar science-fiction.
I BORN2DRIVE følgjer vi 15 år gamle Oliver Solberg, den yngste rallycrosskjøraren i verda, og hans reise mot å bli nordisk mester. Dette er ein dokumentarfilm med raske bilar og fartsfylte actionscener.
LEGOFILMEN 2 (6-års-grense) har premiere fredag 15.02, og det er ein film for dei som likar …lego – kombinert med action og humor.
Sia kinoen viser film 5-6 dagar i veka, er det for omfattande å ta med heile kinoprogrammet. Men det finn du her: https://surnadal-kulturhus.no/program-og-billettar/#kino