Komande onsdag – 2. mars kl 19.30 – inviterer Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset, der temaet er kraft og kraftutbygging i Todalen. Det er eit filmopptak som Svein Åge Saken gjorde av Gudmund Halle, der han vart intervjua av Olav Kvendset i 1994. I løpet av samtalen og opptaket, rekk dei å innom mange deltema og får vel med den viktigaste delen av historia om kraftproduksjon og kraftutbygginga i Todalen.
Den første kraftugbygginga i Todalen skjedde alt i 1899, da Talgø bygde kraftverk i Storfossen, men sia gikk det slag i slag med ubygging av kraftverk i både Rossåverket, Rauåverket, Vestrum/Talgø gård og på Kårvatn. Vidare vart det Aurakraft på slutten av 50-åra, med Todalen kraftlag som lokal aktør som nettleverandør. – Planer var det også for ei «gigantisk» utbygging i Todalen, der både Romådalen, Neådalen og Brusetmarka var involvert i planane. Kanskje det blir røpa litt om det som foregikk på den legendariske lysfesta på 50-60 talet?
Dette og mykje meir omkring det som skjedde på kraftfronten før du sjå og høyre meir om i filmopptaka som altså blir vist offentleg for første gong i Todalen ungdomshus komande onsdag.