Under laksefiske i Toåa, nærare bestemt i nedre Gunnøyhølen, fikk Ragnar Halle ein pukkellakse på kroken. Pukkellaksen var eit par kg, og kom fort på land og vart avliva. Pukkellaksen er ein uønska lakseart, men den blir stadig oftare observert i norske lakseelvar – spesielt i nordnorske elvar.
Pukkellaksen vart rapportert til elveigarlagets kontrollør Carsten Bohle som fileterte fisken for å samanlikne med vanleg villlaks.