Søndag ettermiddag vart vi vitne til landing av laks i Brusethølen. Det var Svein Kaldvannsvik frå Malmefjorden som tok på land ein laks på 6-7 kg, etter å ha arma fisken litt. Han kunne fortelje at han hadde teke ein på ca 7 kg i toåa også for nokre dagar sidan. Kaldvannsvik har tilhald på campingplassen på Røv, og har teke 3 laksar på 7-8 kg i Surna i sommar.
Han har fiska i Surna helt attende til 1963, og fiskar litt i Toåa attåt for å få litt avveksling. Det er no fin fiskarelv, etter at vassføringa igjen er redusert etter siste flaumen, sier han.