Ole Ingar Strand frå Relacom fikk fart på datatrafikken på Bordholmen i dag. Han kjem frå firmaet Relacom som gjør installasjonsjobben for Svorka Aksess, og kobler til og kjører i gang nyinstallasjonar med fiberbasert breiband.
Gravearbeidet med legging av kabel er tidlegare gjort på dugnad og Lars Arne Gjeldnes frå Svorka Aksess har blåst fiberkabelen gjennom røra som er gravd ned fram til veggen på klubbhuset på Bordholmen – og i dag vart anlegget sett i drift og er altså klart til Todalsdagen 2. juli.