1. og 2. klassen på Todalen og Stangvik oppvekstsenter hadde hyggeleg besøk frå politiet i dag. Det var lensmannsbetjent Tor Hansen og ein politistudent som kom til skulen for å snakke om trafikkreglar og bruk av refleks. Alle elevane fekk utdelt refleksvest slik at dei no skal bli godt synlege på mørke haustvegar. Elevane fekk ei påminning om kor viktig det er å bruke bilbelte både i buss og bil.
Same kor kort turen er, så ha på bilbelte! Alle var med ut og fekk både sjå og høyre politibilen. Fleire hadde ønske om å bli politi når dei vart store!